Om Ingeborg

Ingeborg Lystad (88) har hatt skapargleda som drivkraft heile livet. No er ho ein av to utstillarar i samband med Volda og Ørsta Kunstlag sitt jubileum.

Janne-Marit Myklebust
janne@morenytt.no
– Her er nok å velje mellom, seier Ingeborg, og viser veg inn til eit rom i lokala til Fotograf Marta Lystad Johansen. 
Veggene er dekte med måleri. Nokre står lag på lag på golvet. Fleire andre står på lager. Motiva varierer, frå landskap til stilleben og abstrakte former, som skal få tankane i sving. Englar, djevelen og Gud. Ei hytte og eit tjern. Blomar og kattar. 
– Eg har måla frå ung alder, men har aldri låst meg til berre éin sjanger. Eg gjer det eg har lyst til, fortel ho.
Også det er eit godt kjennemerke på Ingeborg. Ho er bestemt. Legg ikkje skjul på meiningane sine. Let seg ikkje pille på nasen. 
Ho vaks opp i Stryn, som eldst av åtte søsken. Mor var heimeverande for å ta seg av borna. Far jobba i Televerket. 
– Det var ikkje sjølvsagt for alle å få gå på skulen. Og gutane vart prioritert. Eg har fem brør. Men eg var heldig. Eg har fått gå både realskule og handelsskule. 
Fotograflærling
Ho visste nok lite om korleis livet ville endre seg, då ho som 21 åring tok turen frå heimbygda og flytta på hybel i Ørsta for å jobbe som lærling under fotograf Olav Lystad. Via vener fekk ho kjennskap til jobben, og ho søkte. 
– Det var ikkje mange jobbar for kvinner på den tida. Det var enten på samvirkelaget eller på posten. Mange reiste til Oslo for å jobbe i Postgirobygget. Det var svært for mange, men eg er glad for at eg slapp å reise.
I Ørsta gjekk tida med til fotografering, mørkeromsarbeid og retusjering. 
– Vi gjorde folk pene. Tok vekk rynkar og haker. Foto var dyrt før i tida, og då ville folk ha det skikkeleg når dei først brydde seg. Det var litt av eit handarbeid. Du verda kor Olav ville ha smilt i dag om han hadde sett kor lettvint det har vorte. Det var ikkje berre å trykke på angreknappen i Photoshop på den tida. Bilde var dyrt. Du måtte vere heilt sikker på kva du gjorde før du knipsa. I dag kan du ta 1.000 bilde og hente ut det beste, utan at det kostar noko ekstra.
Fotograf Lystad
Olav vart meir enn ein arbeidsgivar. Dei gifta seg og fekk tre born. Fotograf Lystad vart hennar faste arbeidsplass, side om side med ektemannen. 
Saman delte dei også ei anna interesse; kunst. Dei var aktive i kunstlaget, og Olav Lystad var også ein av dei som var med å starte Ørsta Kunstlag i 1941. Ingeborg har også vore svært aktiv i kunstklubben Maskerade. 
– Det er viktig å engasjere seg. Det må skje ting i bygdene. Vi må skape liv sjølve. Utan liv er det inga bygd.
Fotografi og måling. To ting som går hand i hand. Ingeborg måtte alltid køyre når ho og ektemannen var ute på tur. Han var for oppteken med å sjå på landskapet til at han kunne køyre sjølv. Det vart fleire stopp for å forevige utsikta. Framleis går det gjetord om alle postkortmotiva, signert Olav Lystad. Dei er ynda samleobjekt. 
Inspirasjon
Gjennom fotografia hentar Ingeborg også inspirasjonen til å måle. Ho målar med meining. Eit landskapsbilde er ikkje alltid berre det, om folk kikar djupare inn i bildet. Ho er i hovudsak sjølvlært, men har gått ulike småkurs for å lære seg nye teknikkar. 
Det er skapargleda som er drivkrafta. Om det er å måle, fotografere eller også å strikke. Ho har alltid noko i hendene. Alltid nye prosjekt. Det held hovudet i gang og kroppen oppe. Alder er inga hindring for å lære nye ting, for ei som har følgt den ekstreme utviklinga i fotografiverda. Det er vel difor inga overrasking at ho er svært driven også på datamaskin. På Facebook deler ho bilde og måleri, og ho har også oppdaga ei ny form for kunst.
Datakunst
– Eg målar enno, og har laga eit nytt stilleben til kunstutstillinga, men det er mindre styr med ei datamaskin. Angreknappen er god å ha. Eg har vorte litt latare med åra, trur eg, humrar ho.
Det stemmer nok ikkje. Ho er svært produktiv. Datakunst er hennar nye uttrykksform. Her behandlar ho bilde og måleri i Photoshop. Skapargleda er framleis stor.
– Eg kom litt seint i gang, men det er viktig å følgje med i tida, men det er ikkje alltid vi har tid til det. Men eg vakna etter kvart. Det har aldri vore snakk om å kunne leve av kunsten aleine. men i kombinasjon med arbeidet på Fotograf Lystad har eg fått vere kreativ heile livet. Det er ein god kombinasjon.
Framleis er fotoapparatet fast følgjesvein om Ingeborg Lystad tek turen ut. Blikket er framleis klart, om kroppen har byrja å merke alderen. Der er alltid nye motiv å feste til filmen eller til lerretet. Ho er ikkje mett enno.
Foto-familie
Fotograf Lystad eksisterer nesten ikkje lenger. Etter at teknologien tok over, er alle sine eigne fotografar. Det meste skjer på nett. Behovet for ein fysisk butikk var ikkje lenger til stades. Men fotografblod er sterke saker. Yrket lever vidare. Dotter Marta Lystad Johansen og barnebarn Marit Lystad Johansen er i dag fotografar. For det er framleis slik at fotografi er eit fag, og det er behov for kompetanse, der teknologien ikkje strekk til. Eit godt auge kan gjere underverk. Rett utsnitt, rett lyssetting. 
– Men dei har fått velje det heilt sjølv.
Utstilling
Neste prosjekt for Ingeborg Lystad er å velje ut dei rette bilda til utstillinga, blant mangfaldet ho har laga i løpet av eit langt liv. Ho har nokre favorittar. Ørsta Kunstlag fyller 75 år i år. Volda Kunstlag fyller 80 neste år. I 2012 slo dei seg saman, men feiring vert det likevel. Ingeborg Lystad stiller ut måleri. Ståle Aklestad skal stille ut fotografi.

– Eg likar ikkje å stikke meg fram. Men det er fint om bilda mine kan bety noko for andre.


--------------------------------
11.12.13 Mørenytt:

Marit Lystad Johansen og Ingeborg Lystad, den førstnemnde barnebarn til sistnemnde, har samla nokre av sine beste fotografi og måleri til ei utstilling i lokala til fotograf Marta Lystad Johansen.
På utstillinga stiller Ingeborg ut måleri, og Marit fotografi.
– Eg har måla i heile mitt liv, men litt meir dei siste åra etter at eg vart pensjonist og slutta som fotograf. Då fekk eg meir tid, seier Ingeborg Lystad, som no er 85 år. 

Inspirerer kvarandre

Marit rosar bestemora, og seier at ho er ein allsidig kunstmålar som meistrar dei fleste stilartar. Det går mest i olje og akryl, men den siste tida har Ingeborg også fått smaken på å lage bilete på data. Dette kan skodelystne også få sjå litt av på utstillinga.
Sjølv jobbar Marit som fotograf, og på utstillinga har ho særleg fokus på naturbilete frå Ørsta og Runde, i tillegg til nordlysbilete.
– Ho er flink, rosar Ingeborg tilbake.

Inspirasjonen hentar dei mykje i vêret og lyset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar