onsdag 7. februar 2018


Stiller ut livsverket til Ingeborg Lystad

Ho måla eit heilt liv. Då Ingeborg Lystad gjekk bort 1. september i fjor, 89 år gammal, etterlet ho seg eit heilt livsverk av kunst i alle tenkelege variantar og sjangrar.

Lystad-familien kjenner på saknet etter ei mor og bestemor som betydde mykje. Ingeborg Lystad gjekk bort 1. september 2017, 89 år gammal. Ho var ikkje ei som gjekk stille i dørene. Ei bestemt dame, med mange jarn i elden. Måling var hennar store hobby. Ei interesse ho hadde heile livet, heilt til det siste. Familien sit att med måleri frå eit langt liv.
– Vi merkar godt at ho er vekke. Ho var veldig til stades. Samstundes veit vi at ho var forsynt av livet. Ho sovna stille inn. Det skjedde på ein god måte, og difor er det også sjelefred for oss å vite at det var dette ho ønskte, etter eit langt liv, seier dotter Marta Lystad Johansen.
Dei har rydda i heimen hennar, og har funne eit stort mangfald av bilde som Ingeborg har måla. Både kjende og ukjende måleri. Bilde ingen før har sett. Hovudsakleg sit dei på tallause akvarellar og oljemåleri. Dei siste åra jobba ho også med data, og laga abstrakt datakunst.
– «Ikkje hiv det i ein konteinar når eg er borte.» Det var hennar mantra til oss siste tida, humrar Marta.
– Ho var redd for at vi ville kvitte oss med kunsten hennar, men det har vi ingen planar om. Dette er gode minne også for oss. Familien har fått valt seg ut dei bilda dei ønskjer å ha, men vi har utruleg mykje igjen. Så no ønskjer vi også å gje andre moglegheita til å skaffe seg eit minne frå Ingeborg. Det er for gale å berre skulle stue dette vekk i ein krok.

Torsdag 15. februar opnar dei difor dørene til fotografstudioet sitt i Strandgata der folk kan kome og sjå på eit utval av måleria, og også kjøpe, om dei ønskjer det.
Ingeborg låste seg aldri til ein sjanger. Skapargleda var drivkrafta hennar heile livet, om det var i form av eit landskapsbilde, eit stilleben eller abstrakte former som skal få tankane i sving. Ho måla med meining. Englar, djevelen og Gud. Hytter, tjern, fjell, blomar og kattar. Det som fall henne inn der og då, og som gav meining.
Barnebarn Marit Lystad Johansen vil ha eit musikalsk innslag under opninga av kunstutstillinga.
– Utstillinga vert hengande så lenge folk er interessert i å kome og sjå, fortel dei to.
av Janne-Marit Myklebust - Mørenytt 11.februar

torsdag 7. september 2017

Ingeborg Lystad 18.03.28 - 01.09.17


Dei siste to månadane har Ingeborg budd på Ørsta-heimen. 
Vi håpte ho ville bu der ei god stund. Men siste tida vart ho raskt svakare,
ho sa sjølv fleire gongar at ho ville kvile no.
Natt til 1 september 2017 fekk ho sitt ønske…
Ingeborg vart 89 år.
Bildet av Ingeborg er frå forrige fredag, då fekk ho kjenne sola i ansiktet for siste gong.

Vi sitt igjen med mykje av hennar kunst,sjølv eter ein go del har komme i heimane til nær og fjern slekt.Resten har vi satt fram på bakromma i Strandagata 2,utstillinga kan besøkast når Fotograf Marta Lystad Johansen har opent.
Vi har ikkje prisa utstillinga enda,men ta kontakt om du vil kjøpe. Dei fleste maleria ligg mellom 2-6000kr.