Fotografi av Olav Lystad


Olav Lystad (fødd 25. mars 1906 i Ørstavik2. januar 1995) var fotograf på Ørsta.

Han var son av kjøpmann Rasmus Lystad og Martha Øye. Gift 1952 med Ingeborg Berg, dotter av Peder og Ragna Berg; to søner og ei dotter. Utlært hos fotograf Egge. Svennebrev 1932. Dreiv på hevd. Starta eiga forretning og atelier i Ørsta i 1933, og dreiv dette fram til 1965. Fekk medaljar og diplom i inn- og utland for portrett og landskap. Peder P. Lyshol frå Sykkylven gjekk i fotograflære hos Lystad.

Kona Ingeborg fotograferte frå om lag 1970 til etter 2000. Dottera Marta Lystad Johansen vart leiande fotograf i firmaet frå om lag 1976. Også sonen Per Lystad fotograferte ein del og var hovudansvarleg for drifta på Ørsta og på Foto Lystad i Volda.

























































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar